Forside

11. mai 2012

Økoturisme: Grøn glede eller business as usual?

Av: Kristina Øie Kvile

Mange tar turen nordover på Bali 
for ein meir fredeleg ferie i øko-stil.
Turisme er big bisniss. Det er nesten ikkje til å fatte, men turistindustrien er faktisk større enn kjemper som olje-, bil- eller matproduksjon globalt. I følgje Verdas Turistorganisasjon (UNWTO) nærmar talet internasjonalt reisande seg éin milliard, eit globalt reisefølgje som i 2010 la igjen den nette sum av rundt 919 milliardar amerikanske dollar! For mange utviklingsland utgjer dette ein svært viktig del av økonomien. 
Det store trekkplasteret i Komodo 
er denne kjempen.
Komodo-dragen kan bli opptil
3 meter lang!
I Indonesia, der eg sjølv har vore på reisefot dei siste månadane, er tettleiken av turistar høgst på Bali, noko som har gjort øya til ein av dei rikaste regionane i landet. Dei fleste som besøker Bali held seg sørpå, i området kjend for kvite sandstrender, surfebølgjer, billige restaurantar og hordar av festglade, solbrente utlendingar. Tar du derimot turen nordover kan du framleis møte ein relativt (med trykk på relativt) urørt del av Bali. Her er ein annan type turisme i vekst, med meditasjon, turgåing og ”ekte opplevingar” i fokus. Økoturisme er i vinden, og stadig fleire turistoperatørar satsar på naturopplevingar, meditasjon, øko-mat og den perfekte solnedgang, i ekte Eat Pray Love-stil.

Det er mogleg å møte kjemper under vatn også. Her prøver forfattaren å symje i takt med ei djevelrokke.



Reiser med meining
Typisk masseturisme er gjerne knytt til auka ureining, forsøpling, trafikk og ukontrollert utbygging. Difor, medan den økologiske tankegangen har blitt viktigare i vesten har også ”grøne reiser” auka i popularitet. Stadig fleire av oss vil ha ein ferie med meining utover sol og paraplydrinkar. Men kva tyder eigentleg økoturisme? I følgje Den Internasjonale Økoturismeforeininga (TIES) er det ansvarleg reising som gir positive verknadar for både naturmiljø og lokalsamfunn. Ei ekte økoturismebedrift skal gi økonomisk støtte til lokalsamfunn, verne om naturressursar og lokal kultur, i tillegg til at du som besøkande lærer noko om lokal natur og kultur.

Våt økoturisme
Kystområder er ofte populære reisemål, og for mange er feriedraumen knytt til blått hav og sandstrender. Men høgt press frå turisme kan skade marine økosystem i kystsona gjennom erosjon, ureining, overfiske eller direkte fysisk skade. Marin økoturisme kan difor vere eit godt alternativ som i staden kan ta vare på det undersjøiske livet. Velfungerande marin økoturisme kan vere med å finansiere verning av område, til dømes gjennom inngangsbillettar eller dykke– og snorkel aktivitetar. Inntekter frå turisme kan gi eit alternativ til fiskeri eller anna utvinning av marine ressursar for lokalsamfunna, og vidare kan både turistar og lokale lære om marin bevaring. For oss som er over middels glad i sjøsprøyt og samtidig vil beskytte livet under vatn er marin økoturisme som ein våt draum!

Dykking i Komodo nasjonalpark byr på små og store overraskingar


Kjempevaranens rike
Mange kjem til Indonesia nett for å dykke eller snorkle. Landet  med over 17 000 øyer (!) kan lokke med krystallklart vatn og dei mest artsrike korallreva i verda. Dessverre er koralltriangelet trua av menneskeleg aktivitet som fiske, urban utbygging og masseturisme, og nokre spesielt skjøre område har difor blitt verna som nasjonalparkar. Eit eksempel er Komodo, mest kjend som heimen til komodovaranen, verdas største firfisle. Men med rike korallrev og moglegheiter for å møte ikon som djevelrokker, havskilpadder og kvalhai er området minst like spennande under vatn! Øyene som huser kjempevaranen blei freda i 1980, og nokre år seinare blei parken utvida og sjøområdet rundt øygruppa verna. Men dette hindra ikkje dynamitt- og cyanidfiske, saman med ukontrollert turisme, i å halde fram og truge det biologiske mangfaldet i Komodo. I 1995 greip naturvernsorganisasjonen The Nature Conservancy (NC) inn, og styringa av parken blei overført til ein lokal organisasjon i samband med Verdsbanken. Dette var vellykka, og i følgje NC eit stjerneeksempel på korleis velfungerande økoturisme kan gagne både natur og lokalsamfunn. Nøkkelen til suksess skal ha vore tett samarbeid med dei lokale innbyggarane, som til dømes blei involvert i parkadministrasjon, overvaking, eller som guidar. Øydeleggande fiskemetodar blei forbode og spesielle soner som gyteområde totalverna. Talet på besøkande er kontrollert og ei obligatorisk inngangsavgift som skal gå til bevaring, lokalsamfunnsprosjekt og økoturismeutvikling er pålagt alle besøkande. Ei grøn solskinshistorie? Eg må innrømme at tanken streifa meg, seilande inn på det krystallklare vatnet mellom dei vulkanske Komodo-øyene, at dette er faktisk paradis.  

Slanger i sikte
Er øko-draumen Komodo for god til å vere sann? Min lokale dykkarguide og guru, som hadde arbeida i Komdo i over 30 år kunne melde at fiske med dynamitt framleis skjer innanfor parkgrensene, og dei høge eksportprisane på enkelte fiskeartar gjer at ingen område slepp unna ulovleg fiske. (Han hadde faktisk sjølv blitt fanga i eit fiskegarn, men det er ei anna historie.)
Ifølge ein fersk artikkel i The Jakarta Post kollapsa parkstyringa i 2010 etter usemje om fordelinga av inntektene frå parken. Den indonesiske regjeringa er igjen i førarsetet og Nature Conservancy har avslutta sitt arbeid i området. Det har vore ei auke i ulovlig fiske det siste året, og avisa rapporterer om store område der korallar har blitt bomba i stykkar. Dykkarar eg møtte i Komodo kunne også fortelje om store ”bombekrater” i nokre av dei meste populære dykkarområda. Og problemet er sjølvsagt alvorlegare enn at fine dykkarområde forsvinn: desse fiskemetodane øydelegger heile økosystem og viktige matressursar for lokalsamfunna i framtida. Ofte møter ein argumentet om at dei lokale må framleis ha mat (så kva kan ein gjere?), men det er ofte høge prisar på den utanlandske fiskemarknaden som freistar fiskarar til å bruke ulovlege metodar. Det opplagte problemet synas å vere mangel på overvaking og oppfølging av regelverket, eller med andre ord, mangel på økonomisk prioritering av dette.
Korallar, som desse platekorallane, dannar grunnlag for artsrike økosystem.

Er økoturisme ein utopi?
Ein kan kanskje påstå at økoturisme er eit sjølvmotsigande konsept. At å fremme menneskeleg aktivitet i skjøre naturområde nødvendigvis fører til konflikt med naturvern. Og det er kanskje eit paradoks at om ein destinasjon blir for populær kan økoturisme føre til dei same problema som tradisjonell turisme. Fleire besøkande aukar presset på naturressursane i eit område, og skaper utfordringar i samband med utbygging av turistfasilitetar, behov for vatn, kloakk, søppelsystem, transport osv. For marine økosystem som tropiske korallrev kan faktisk aktivitetar som dykking og snorkling vere direkte skadelege. Det er fortvilande å sjå hordar av turistar med symjeføter tråkke på korallstrukturane i det dei gjer seg klar til ei snorkleøkt, eller båtar som legg anker rett i eit verna korallrev. Dette er  problem det er relativt lett å få ein slutt på, men for mange operatørar er omsynet til turisten (og pengane han legg igjen) viktigare enn å følgje spelereglane. I Komodo er turiststraumen venta å auke i åra som kjem: i tillegg til UNESCO verdsarvstatus har naturreservatet nylig blitt stemt fram i kåringa New 7 Wonders of Nature. Eg håper parkstyringa vil tenke langsiktig og la omsynet til naturen styre bisnissen. Da kan både kjempevaranar og havskilpadder sjå lysare på framtida.
Vil dette paradiset bli tatt vare på i åra som kjem?


Grønvasking og bedrifter på det reine
Økoturisme skal per definisjon gagne både natur og lokalsamfunn, ha låg innverknad og gi turistar ein sjanse til å lære om lokal kultur og miljø. Men korleis kan vi vere trygge på at desse prinsippa blir følgde, og at ferien vår verkeleg er grøn? Green washing er eit uttrykk for bedrifter som bruker øko-stempelet for å trekke til seg kundar, utan å følgje prinsippa for økoturisme. Det er difor lurt å undersøke litt ekstra om bedrifta du støtter er ”ekte vare”. Som nemnt i svaret til Ola i førre blogg finnast det dessverre ikkje ei felles internasjonal sertifisering av økoturismebedrifter, men eg vil anbefale nettsidene til Den Internasjonale Økoturismeforeininga TIES for meir informasjon om økoturisme og dei ulike internasjonale og nasjonale sertifiseringssystema. Her heime har organisasjonen Norsk økoturisme sertifisert om lag 20 norske bedrifter så langt. Kanskje kan det freiste med ein kajakktur i Lofoten, reinsdyrsafari på Hardangervidda eller rolige dagar på ei vestnorsk fjellseter neste ferie? God grøn tur!



Kristina Øie Kvile er marin bevaringsbiolog og jobber for tida frivillig hos Reef Check Indonesia. Hun er en reiseglad dykkeentusiast med voksende interesse for sunne korallrev. 

1 kommentar:

  1. Bra blogginnlegg. Skal sjekke ut nettsidene til Den Internasjonale Økoturismeforeininga.

    SvarSlett