Søk i bloggen

2. mars 2012

Korallrev, turistar og marin forsøpling

Denne uka slår vi til med et litt eksotisk innslag på bloggen. Her kan du lese om hvordan de indonesiske øyenes artsrike korellrev trues, hva Reef Check Indonesia (RCI) jobber for og ikke minst hva vi kan gjøre for å hjelpe til. Her lar vi Kristina, som jobber som frivillig for RCI på Bali få ordet.

Mange som kjem til Bali håper å få eit glimt av Nemo
(Foto: Reef Check Indonesia)
Korallrev, turistar og marin forsøpling

Av: Kristina Øie Kvile

Bali, som i Indonesia også er kjend som ”Gudanes øy”, er eit av dei mest populære turistmåla på kloden vår. Bare smaken på ordet Bali kan få ein forfrosen nordbuar til å drøyme seg bort til eit paradis av sol, strender, tropisk natur, vulkanske fjell og smilande fjes. Øya har vore eit reisemekka heilt sidan tidleg på 1900-talet, og turisme er utan tvil den største inntektskjelda for Balinesarane. Terrorangrepa i 2002 og 2005 satt ein dempar på talet besøkande, men i løpet av dei siste åra har turiststraumen auka til nye høgder.

Rike korallrev i fare
Eit av dei viktigaste trekkplastera for mange som besøker Bali er det undersjøiske livet. Dei indonesiske øyene ligg i ”The Coral Triangle”, eller havets Amazonas om du vil, med nokre av dei mest artsrike korallrevsområda vi har. Mange kjem til Bali nettopp for å oppleve denne artsrikdommen, og det er tett mellom dykkarsentra ved dei mest populære destinasjonane. Men som du kanskje veit er korallrev og dyra som er avhengige av dei i dag under angrep frå fleire hald, med  overfiske, forureining, kystutbygging, og ikkje minst, global oppvarming som dei viktigaste aktørane. I fjølge ein internasjonal rapport frå 2008 (som du kan laste ned her) er omlag ein femtedel av alle korallrev globalt allereie borte, og over ein tredjedel er alvorleg trua. Dei rike reva i korall-triangelet er langt frå usårbare, og i Indonesia er det særleg fiske med dynamitt og cyanid som har vore øydeleggande.


Søppel til sjøs
Søppel i strandsona
(Foto: Kristina
Førre helg hadde eg min første utflukt til eit av hovudseta for dykking på Bali, Amed, eit område der Reef Check har jobba for å stoppe øydeleggande fiskeri. Amed er kjend for fargerike korallev og spektakulære skipsvrak som konkurrerer om merksemda til dykkarar, i utgangspunktet. Trist måtte eg konstatere at det som dominerte biletet i mange områder var store mengder søppel, både i strandsona og i vatnet. Det var til tider vanskeleg å ta eit symjetak utan å støyte på ein plastpose eller eit drikkebeger, og rundt fleire korallar kunne eg sjå restar av fiskegarn som hadde satt seg fast. Forsøpling er globalt ein av dei største utfordringane innanfor marin bevaring, og sjølv område som i utgangspunktet er langt unna menneskeleg aktivitet er påverka. Om du vil lære meir om marin forsøpling har UNEP ein rapport frå 2009 som kan lastast ned her, eller du kan sjekke ut innlegga om temaet på marinbiobloggen frå april 2011.

Biologane i Reef Check held auge med
graden av forsøpling rundt korallane
på Bali (Foto: Reef Check Indonesia)
 Korleis forsøpling kan påverke akkurat korallrev har ikkje vore mykje forska på, men problemet er like alvorleg for desse systema som for anna marint liv. For det første kan søppel i sjøen direkte knuse eller knekke korallane. Eller om søppel som sit fast eller flyt i overflata dekker til korallane over lengre tid kan dette hindre mikroalgane som lev inni i å utføre fotosyntese. Dette kan føre til at korallen svelter, og i verste fall døyr. Vidare kan fiskeutstyr som garn eller teiner, ein viktig del av marint søppel, bli verande rundt korallreva og på denne måten fortsette å fange og drepe fisk eller andre dyr (spøkelsesfiske). Og ikkje minst, marint søppel kan skade dyr som får det i seg og dermed blir kvelt eller forgifta, eit problem som er særleg kjent for skilpadder og sjøfugl.


Dårlig nytt for det tropiske paradiset
Ved sidan av dei økologiske effektane kan marin forsøpling ha alvorlege økonomiske og sosiale konsekvensar. For Bali, som er avhengig av turistdollar frå fornøgde gjestar, er det særleg dei estetiske konsekvensane av marin forsøpling som er dårleg nytt. Søppel passer liksom ikkje inn på draumebiletet av den tropiske stranda (den med kvit sand og kokosnøtt-palmar, og kanskje ei hengekøye). Dykkarar på jakt etter fargerike korallar, snertne fisk og ei og anna skilpadde vil heller ikkje ta med seg minner om plastposar og drikkeflasker heim. Og ikkje berre turistindustrien, men også andre inntektskjelder som fiskeri eller akvakultur kan bli skadelidande om marin forsøpling blir eit vedvarande problem, i tillegg til dei negative helseeffektane det kan føre med seg.
 
Her trengs ein real ryddesjau!

Her må holdningsendringar og praktiske tiltak
til! (Foto: Kristina)
Lokalt i Amed-regionen har Reef Check satt i gang tiltak som strandrydding og å sette opp nett som hindrar søppel frå elver å renne ut i sjøen. Slike handlingar er viktige, men angrip ikkje rota til problemet, som er forsøpling i utgangspunktet. I fjølge ein artikkel i The Jakarta Post i 2011 produserast det 10 000 kubikk-meter søppel på Bali kvar dag, og av dette hamnar 75 % usortert langs vegar, i elver eller ulovlege dynger. (Les meir her.) Det er heilt vanleg å sjå folk kaste søppel i ein dynge rett utanfor huset som seinare blir brent, eller om det er uvêr blåst eller skylt på avvege. Ei stor utfordring er plassmangel. Landfyllingane på øya er rett og slett ikkje store nok til å ta unna det søppelet som produserast på øya. Etter fleire negative oppslag i internasjonal presse byrjar myndigheitene på Bali å innsjå alvoret. Dessverre har ikkje dei store endringar funne stad enda, men noko er tydelegvis på gang. I fjor oppretta lokale myndigheiter, frivillige organisasjonar og lokale næringsdrivande ”The Clean and Green movement”, eit forum med det noko optimistiske målet å fri Bali frå plastikksøppel innan 2013. Eit stort informasjonsarbeid i tillegg til direkte praktiske tiltak må til for å nå dette målet.

Turistar som føregangseksempel

Kan vi som turistar gjere ein forskjell, eller er det dei lokale som må ta ansvar? Som ein viktig kjøpekraft trur eg turistar kan gjere mykje for å minske forsøpling og sette eit godt eksempel for lokale. Vi kan unngå produkt med mykje emballasje og vere kritisk til kor søppelet hamnar. Støtt dei bedriftene som viser miljøvennlige vaner når du er på ferie, om det er hotell, restaurantar eller dykkarsenter. Og om du har litt tid til overs, kva med å bli med på ein strandopprydning? Sjekk ut kva som føregår der du er, mange naturvernsorganisasjonar organiserer jamlege opprydningar. Og enda viktigare enn gode vanar på ferie er sjølvsagt gode vanar i kvardagen. Støtt opp om tiltak for å redusere marin forsøpling der du bor! Slik kan både tropiske korallrev og norske kystsoner gå ei søppelfri framtid i møte.
Indonesisk korallrev.
(Foto: Reef Check Indonesia)



Kristina Øie Kvile er marin bevaringsbiolog og jobber for tida frivillig hos Reef Check Indonesia. Hun er en reiseglad dykkeentusiast med voksende interesse for sunne korallrev. 




Reef Check Indonesia (RCI - http://www.reefcheck.or.id/)

er ein av organisasjonane som arbeider for korallrevsbevaring i Søraust-Asia. RCI har hovudkontor på Bali. RCI har ansvar for årlege undersøkingar som kartlegg tilstanden til korallrev rundt om i Indonesia. I tillegg til dette er ein viktig del av arbeidet til organisasjonen å informere både lokale og turistar om korleis vi kan bidra til sunne korallrev langs Balis kyst. På Bali jobbar RCI i tett kontakt med lokalsamfunn og fiskarar for å innføre meir bærekraftige fiskemetodar og betre forvaltning av kystområda. 

15 kommentarer:

  1. Guri: Come on - la oss dra til Bali!

    SvarSlett
  2. Neste års Seaweed symposium holdes på Bali i slutten av april:) En poster eller no og litt økonomisk støtte fra noen generøse sjeler.. En kan vel ha maaange medforfattere på en poster eller??

    SvarSlett
  3. JAAA! også mange forfattere fra forskjellige felt? Kanskje Benedicte kan hjelpe oss med en interaktiv løsning...?

    SvarSlett
  4. Hvilke tegn skal jeg se etter for å finne ut om hotell, restaurantar eller dykkarsenter er miljøvennlige?

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt spørsmål, Ola. Jeg skal spørre Kristina om hun har noen tips.

      Slett
    2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

      Slett
  5. KristinaMar 8, 2012 10:44 PM
    Hei Ola!

    Takk for å ta opp dette spørsmålet!

    Det kan vere ganske forvirrande å orientere seg i jungelen av "økoturisme"-tilbod. Sidan det er meir og meir populært å velge miljøvennleg er det dessverre mange useriøse aktørar som presenterer seg som grøne utan å nødvendigvis vere det.

    I utgangspunktet bør ei miljøvennleg bedrift verne både lokal natur og kultur, i tillegg til å tene lokalsamfunnet og ha minst mogleg innverknad i miljøet. Eit anna poeng er at turistar bør ha moglegheit til å lære om lokal natur og kultur i løpet av besøket.

    Det kan lønne seg å sjå etter om hotellet, dykkarsenteret osv. har blitt sertifisert som miljøvennleg av ein tredje part. MEN, sidan det ikkje finnast eit felles internasjonalt system kan det vere vanskeleg å vite sikkert om sertifiseringa faktisk er truverdig. Greenloons, ein internasjonal ”økoturisme-formidlar” har ei nettside som kan vere nyttig for å finne fram til miljøvennlege feriemål: http://www.greenloons.com/ Her kan du også finne informasjon om kva som karakteriserer ekte økoturisme-tilbod og dei ulike sertifiseringssystema.

    I Noreg finnast sertifiseringa Norsk økoturisme, leia av Innovasjons Norge, som skal bygge på FN prinsipp om miljøvennleg turisme. Ordninga har vore i drift sidan 2008, så det er ikkje så mange bedrifter som har blitt sertifiserte så langt.

    Eg driv for øyeblikket ein liten undersøking om økoturisme på Bali og tenkte å skrive eit innlegg på marinbiobloggen om dette i løpet av vekene som kjem, så følg med!

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi skal til Helleas snart så vi ser etter noen ”økoturismeting" vi kan gjøre der. Skal sjekke ut noen av de mange tipsene for reise som de har på greenloons siden. Jeg så av overskriftene at de muligens kan brukes i Hellas. Gleder meg til Baliartikkel.

      Slett
  6. Når du tenker på Bali får du definitivt tanker om et tropisk paradis med fantastiske dykkemuligheter i hav med fine koraller. Denne artikkelen får opp øynene på hva som gradvis skjer.

    Når jeg skal til Bali for å dykke skal jeg ta meg noen dugnadstimer for å bidra litt. ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Håvard: Hadde alle vært som deg;)da snakker vi om at ferie-engler i ferieparadis!

      Slett
  7. Takk for ein god artikkel! Godt poeng at vi sjølv må ta eit tak og sjå på forbruksvanene våre. Ikkje berre når vi er på Bali, men og heime i Noreg. Om vi alle blir meir bevisste på korleis vi forbrukar kan sjølv små endringar gjere stor forskjell på "søppelberga", som til dømes å bruke eigen handlepose i staden for å bruke eingangspose.

    SvarSlett