Søk i bloggen

30. okt. 2013

På tokt i Barentshavet

Tokt er noko sjørøvarar reiser på når dei er svoltne på gull og eventyr. Men marinbiologar reiser også på tokt, og det er både arbeid og eventyr! Det er på tokt vi samlar inn prøver frå havet, som vi kan analysere og tolke resten av året, til havet kallar igjen. I september i år fekk eg vere med på eit ekte havtokt for første gang. Les reisebrevet mitt frå Barentshavet, og oppdag kva som skjuler seg på den spennande Bjørnøya! Kast loss!

Utsikt mot G.O. Sars frå Bjørnøya.

Barentshavet er området nord for Noreg og Russland, sør for Svalbard og vest for Nova Zemlya. Både norske og russiske forskarar har årlege tokt som dekker store delar av Barentshavet og kartlegg tilstanden til det marine livet i området. 11 september i år gjekk eg ombord G.O. Sars, det største forskningsfartøyet til Havforskningsinstituttet (HI). Frå Hammerfest blei eg med nordover på den siste delen av økosystemtoktet til HI, Fugløya-Bjørnøya-snittet.


Fugløya - Bjørnøya-snittet går mellom Fugløya i Troms til Bjørnøya sør for Svalbard.
Illustrasjon: IMR.no


Økosystemtoktet i Barentshavet er det største forskingstoktet til HI (les meir her.) Målet er kartlegge heile økosystemet, frå botn til topp i næringskjeden. Den største gruppa om bord, ved sidan av mannskapet, var marinbiologar som driv med fisk. Dei var stort sett å finne i fiske-laben med oljehyre og ein stor mengde fisk å artsbestemme og måle opp og ned. Dyr frå havbotnen (benthos) som blei med i botntrålen blei også undersøkt, og eit par rolege sjeler satt oppe på broa og speida etter kval og sjøfugl. Det var ikkje så mykje kval å sjå, noko som visst er normalt for denne tida på året i Barentshavet. Men nokre vågekvalar, finnkvalar og raske spekkhoggarar var det mogleg å spotte i løpet av turen om ein bare var på rett stad til rett tid, helst med ein kikkert i handa. 


Planktonhåven blir dratt opp frå ein målestasjon i Barentshavet.
Sjølv var eg med for å lære om innsamling av dyreplankton-prøver. Doktograden min dreier seg nemlig om dyreplankton (zooplankton), nærmare bestemt hoppekreps (copepoder),
og enda nærmare bestemt arten raudåte (Calanus finmarchicus). Raudåta er bare eit par millimeter stor, men er utruleg talrik i Norskehavet og det sørlege Barentshavet. Den er hovudføda til ein rekke dyr, frå andre planktonartar til fisk og dei største kvalane. Du har kanskje høyrd at det er krill som er grunnsteinen for økosystemet rundt Antarktis? Her i nord er det Calanus som regjerer!

Ei krill i handa er bedre...
På toktet skal både plante-(phyto) og dyre(zoo)-plankton kartleggast. Først tok vi vassprøver for å måle klorophyll og næringssalt, indikatorar for kor mykje planteplankton-produksjon det er i vatnet. Deretter blei ein håv med veldig fint nett dratt gjennom vannsøyla for å fange dyreplankton større enn 180 mikrometer. I denne prøva finn ein mykje spennande, som ulike utviklingsstadier av Calanus, krill, vingesnegl (sneglar utan skall som lever fritt i vatnet) og små manetar. Når håv-prøva var ombord delte vi den opp - halvparten til tørking og veiging, og halvparten på formalin for å artsbestemme på land. Dei største dyra, som krill og amfipoder (tanglopper) plukka vi ut og artsbestemte ved hjelp av mikroskop om bord.







Den nordligaste stasjonen på ruta ligg nær Bjørnøya, som er eit norsk territorium litt sør for Svalbard. Ifølgje Wikipedia blei Bjørnøya oppdaga av nederlandske Willem Barents i 1596. Han såg ein symjande isbjørn på veg inn til øya, derav namnet Bjørnøya. Øya blir ofte besøkt av isbjørn, så ein må vere væpna om ein skal på langtur. Vi var så heldige med vêret at vi kunne gå i land og fekk eit par timar på fast grunn (utan å sjå noko til bjørnen). Det ligg ein meterologisk stasjon på Bjørnøya, der 8-9 personar er stasjonerte eit halvår av gangen.Vi blei tatt godt imot med kaffe på stasjonen, og blei oppfordra til å prøve den tradisjonsrike nakenbadinga på øya. Nokre tok utfordringa i sjøvatnet på seks grader. Eg har ikkje bilete av dette. (Ja, det er faktisk ei greie på Bjørnøya - sjå til dømes denne naken-prest-saken.)



Marinbiobloggens representant er fornøgd med dette bilde-beviset.


Etter det flotte avbrekket på Bjørnøya snudde G.O. Sars baugen sørover for dei resterande stasjonane på ruta. Med fine vêrforhold gjekk turen radig og dagane unna med prøvetaking, god mat frå kjøkkenet og litt for mykje Discovery Channel. Etter vel ei veke om bord kunne vi skimte fastlandet igjen. Med utsikt både mot fjella i Troms og ein snarleg bytur i Tromsø blei det ekstra god stemning om bord. Enkelte hadde vore ombord sidan starten på økosystemtoktet ein månad tidlegare. Og da kan nok sjølv ein hardbarka marinbiolog sakne lukta av skog og stødig grunn under føttene.

Etter ei veke ombord dukka fjella ved Tromsø opp gjennom vindauget på lugaren.

10 kommentarer:

  1. Ja fant noen Calanus finmarchicus som var utenom det vanlig i formalinen du tok med deg på land? Jeg mener kunne du bruke noen av håvprøvene i forskningen din?

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Ola! Prøvene som blei tatt på toktet i år blir no analysert ved HI i Bergen. Eg jobbar ved UiO og analyserer frå tidlegare år, og var med for å lære korleis datainnsamlinga føregår. Men det blir spennande å sjå om det var spesielle trendar i år når tala er klare frå HI.

      Slett
  3. Spennende! Leser gjerne flere reisebrev fra havet :-)

    SvarSlett
  4. Han ene Rema-Reitan sønnen har reist hele kysten fra Finnmark til Oslo med gummibåt kunne jeg lese i Aftenposten i går. Han brukte 11 dager. Det synes jeg marinbiologene burde gjort også. Det hadde blitt reisebrevet sitt det!

    SvarSlett
  5. Hei, jeg vurderer å utdanne meg til marinbiolog, og driver derfor med litt research. Jeg lurer på hvordan pensjonen er i dette yrket? Og når er det vanlig å gå av med pensjon?

    SvarSlett
  6. They were mostly found in a fishing lab with oil rent and lots of fish that were smuggled.

    SvarSlett
  7. The island is often visited by polar bears, so you have to be armed if you are going on a long trip.

    SvarSlett
  8. Cruises are some pirate journeys when they are starving for gold and adventure. But marine biologists also travel on cruises, and it's both work and adventure!

    SvarSlett
  9. Both Norwegian and Russian researchers have annual trips that cover large parts of the Barents Sea and map the state of marine life in the area.

    SvarSlett