Søk i bloggen

25. sep. 2012

På litterær kvalsafari - eit marint boktips


Knølhvalen (Megaptera novaeangliae) er med sine akrobatiske evner ein publikumsfavoritt på kvalsafari. Boka Leviathan, or The Whale går under overflata og fortel historia om forholdet mellom mennesket og kvalen. Foto: Wikimedia Commons

Den britiske journalisten og forfattaren Philip Hoare er hekta på havet. Kvar dag går han ned til stranda for å stirre ut mot horisonten, og så ofte han kan legg han på svøm mellom bølgjene. Mest av alt er Hoare opptatt av kvalar, og i boka Leviathan, or, The Whale blir vi tatt med på reise inn i denne altoppslukande undervassverda. 
Leviathan, or, The Whale er eit ambisiøst prosjekt som tar for seg alt frå anatomi, naturhistorie og moderne kvalforsking til kvalfangstens historie, bruken av kvalprodukt og forfattarens eigne opplevingar i møtet med kvalen. I tillegg til å vere ei skattkiste av kunnskap er boka ein biografi av Herman Melville og Moby Dick. Moby Dick er litteraturhistorias mest kjende Leviathan, eller sjømonster, og ein raud tråd gjennom Leviathan, or the Whale er nettopp korleis vårt bilete av kvalen har endra seg: frå skremmande sjømonster til verdifull ressurs, og til slutt ein av miljøvernskampens viktigaste symbol.

Den blå planetens romvesen

Forskarar trur finnkvalen (Balaenoptera physalus) kan sende lydsignal over hundrevis av kilometer. Foto: Wikimedia Commons.

Enten du allereie har litt peiling på kval eller bare har sett Free Willy vil du sannsynligvis bli litt klokare av å lese denne boka. Den er spekkfull (!) av fakta som illustrerer kor utanomjordiske kvalar på mange måtar er: visste du til dømes at finnkvalen kan kommunisere på tvers av Atlanteren? Eller at studie tyder på at grønlandskvalen kan bli fleire hundreår gamle? Det er lett å bli smitta av Hoares fascinasjon når ein les om desse marine pattedyras intelligens, kommunikasjon – og kanskje kultur! 

Eit mørkt historiekapittel 


Spermkvalar angrip kvalfangstbåtar i ein av dei mange historiske illustrasjonane vi finn i Leviathan, or The Whale. Kjelde: Collections of the Alexander Turnbull Library

Eit hav av utrulege kvalfakta til trass, i Leviathan, or, The Whale er det historiske aspektet i sentrum. Sterkast inntrykk gir naturleg nok det mørke kapittelet om korleis den industrielle kvalfangsten jakta ein rekke kvalartar til randen av utrydding medan både forskarar og industri visste kva som føregjekk. Det er lett for Hoare å trekke linjene mellom dette og dagens oljeindustri, noko som bør treffe norske lesarar spesielt i desse tider. (Om nokon andre kan kome til å utnytte ressursane bør vi heller gjer det sjølve, og la ikkje noko vere att!)

Møtet med spermkvalen
Over 400 sider kvalstoff kan virke overveldande på dei fleste, og enkelte parti i Leviathan or the Whale blir også i overkant langtekkelege. Hoare kunne nok redusert den hyppige siteringa frå Moby Dick, eller kanskje blir det rett og slett for mange tema for éi bok. Dette til trass, gjennom størsteparten av boka sitt eg som eit spent barn. Skrivestilen er levande, det er (nesten) som om eg er med på både kvalfangst og kvalsafari, og Hoare krydrar teksten med illustrasjonar som bygger opp under det mystiske biletet av kvalen. Til tider er forfattaren svært personleg, og når han i siste kapittel får draumen sin oppfylt og dykker med spermkvalar ved Azorene blir eg nesten på gråten. (Og forbannar meg sjølv for at eg ikkje er ein kjent forfattar som kan gjere det same. Symjing med kvalar er til vanlig ikkje lov på Azorene).

Rettkvalen (familie Balaenidae) har eit tjukt spekklag som gjer at den flyt opp når den dør, noko som gjorde det praktisk å jakte på den ("den rette kvalen å jakte på"). Dei nordlige rettkvalane er i dag sterkt utrydningstrua. Foto: Wikimedia Commons
Ah the world, oh the whale!
Kunnskap handlar ofte om å skjønne at vi veit så lite. Dette er er spesielt treffande når det gjeld kvalar. Det blir framleis oppdaga nye kvalartar, og nokre kjenner vi berre frå beinrestar på stranda! Med Leviathan, or The Whale kan kanskje Hoare smitte nye kvalentusiastar, noko som framleis trengs. Det er ei rekke menneskelege aktivitetar som truar kvalbestandande i våre moderne hav, som ureining, forsøpling, skipsfart og støy (som du kan lese om på marinbiobloggen her). Kampen er difor ikkje over om vi skal unngå det Hoare fryktar mest: ”that natural history soon becomes simply that, history”.




Blei du frista til å lære meir om kvalar? 
Philip Hoare: Leviathan, or The Whale. Fourth Estate, London. 2008

5 kommentarer:

  1. Kan i sammme gate anbefale denne:
    http://www.amazon.com/In-Search-Of-Moby-Dick/dp/030681045X

    SvarSlett
  2. Kommer definitivt til å stå på ønskelista i år! :-) Takk for en spennende teaser, Kristina.

    SvarSlett
  3. Sammen med blåtimen og skip i horisonten, er hvaler noe det med mest poetiske jeg vet. At dette innlegget i tillegg er skrevet på nynorsk gjør det rett og slett så fint at tærne mine krøller seg. Boka kan forøvrig kjøpes hos meg på Ark Majorstuen. Kom innom for en bokprat, da vel!

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig med du Erica. Jeg digger hvaler. Visste ikke at du hadde flytta opp på Majorstua. Det er derfor jeg aldri ser deg ved Klingenberg mer.

      Takk til deg Kristina for en lærerik, bloggpost.

      Hvis du kjære leser har lyst til å ta en titt på boka kan du klikke på linken under og laste ned først kapittel gratis til din laptop. Skaff deg Kindle app samme sted: http://www.amazon.com/Leviathan-ebook/dp/B002UZ5JA4/ref=tmm_kin_title_0?ie=UTF8&qid=1351546897&sr=8-1

      Slett
  4. Takk for tipset Bo, det verkar som ei spennande bok! Kanskje vi kunne prøve å sette saman ei liste over anbefalte bøker med marint tema, til dømes til julehandelen?

    Og så hyggelig at du likte innlegget Erica! Eg skal prøve å kome innom bokhandelen ein dag, kanskje finn eg andre bøker som kan inspirere der?

    SvarSlett