Søk i bloggen

6. aug. 2013

Nordens beste akvarium?

Blått på blått: Fine fargar i Atlanterhavsparken akvarium

Framleis i feriemodus? Da kan det vere fint å ta eit avbrekk frå strandstolen og utforske det Norge har å by på av turistattraksjonar. Særleg når badevêret er svært uforsutsigbart langs kysten er det greit å kunne trekke seg inn eit museum eller to. Og vi marinbiologar blir sjølvsagt ekstra begeistra om vi kan titte på livet under vatn. Berg-og-dal-baner og eventyrslott må vike - med ein blekksprut som titter på meg bak glasruta er sommerdagen perfekt!


Ein publikumsfavoritt

Atlanterhavsparken ligg ein liten køyretur utanfor Ålesund sentrum. Meir info her. (Bilete: Wikimedia Commons)

 

Eit slikt reisemål er Atlanterhavsparken i Ålesund, som i vår blei kåra til Nordens beste akvarium. Det var barnssemester.se, ein reiseguide på nett for barnefamiliar i Sverige, som sto bak kåringa, der ulike attraksjonar konkurrerte i kategoriar som Beste zoo og Beste sommarland. Publikum på nettsida stemte fram vinnarane, og Atlanterhavsparken i Ålesund blei kåra til Beste akvarium framfor Nordsøen Oceanarium i Danmark og Universeum i Gøteborg. Marinbiobloggens eigne sunnmøring besøkte i sommar Atlanterhavsparken, og blei som vanlig imponert over dei store saltvannstankane som viser ulike økosystem vi finn langs Norskekysten- som tareskog, fjordstraumar, holmar og skjær. Høgdepunktet er den store tanken som viser livet i det opne Atlanterhavet, der store torskefisk, steinbit, kveiter og anna marint liv boltrar seg. Sjølv dei største barn føler seg nok små framfor denne tanken. Med fin plassering ut mot havet og ei diskret utforming som gøymer seg i strandsona ligg Atlanterhavsparken dessutan fint til for ein fottur, om vêret skulle tillate det.


Folkeopplysning og invaderande artar 

 

Liten marinbiolog framfor stor fisk

Publikums-akvarium kan vere viktige både for folkeopplysing og for å skape nysgjerrigheit om livet i havet. Mange marinbiologar har nok starta si karriere som fascinerte barn på akvariebesøk i inn- og utland. Samtidig har akvarie eit stort ansvar for å trå fram forsiktig og vere representantar for berekraftig havbruk og miljøvern. Eit problem er introduserte artar, artar som blir slept ut av menneske (med vilje eller ikkje) der dei ikkje høyrer heime. Mange av dei introduserte artane vi finn i havet kjem frå akvarium-utslepp. Introduserte artar kan skape mykje skade. Sidan dei ikkje finnast naturleg i det økosystemet dei blir slept ut, og difor kan mangle naturlege fiendar, vil populasjonar av introduserte artar kunne auke kraftig og øydelegge livsgrunnlaget for andre artane som naturleg høyrer heime i området. Om introduserte artar skapar trøbbel i økosystemet kallar dei invaderande artar. Sjølv om den private akvarie-marknaden nok står for størsteparten av akvarim-utsleppa (les meir her) finnast det skrekkeksempel frå publikums-akvarium også. Til dømes skal Caulerpa taxifolia, som har blitt kalla "morderalgen" frå det Indiske hav, ha blitt slept ut i Middelhavet frå akvariumet i Monaco. Algen spreidde seg over store område i Middelhavet, og i startfasen fortrengte den andre algeartar gjennom konkurranse og skapte trøbbel for anna fauna på grunn av giftstoff i algen.


Flotte Atlanterhavsfisk

Det er spennande få helse på marint liv på nært hald.
Atlanterhavsparken i Ålesund har difor valt eit godt utgangspunkt i å fokusere på lokale økosystem. Samtidig har nokre nye utstillingar dukka opp etter opninga i 1998, som sør-amerikanske pingvinar og ei lita avdeling med tropiske korallrev. For marinbiobloggens represenant verka desse utstillingane unødvendige og noko malplasserte. Samtidig er det forståeleg at akvariumet må ha nye attraksjonar å by på for å trekke publikum. Mange vil nok tenke at nord-atlantisk fauna ikkje er spenndande nok til å friste publikum til å komme tilbake fleire gongar. Men med flotte syn som knallblå hummarar, fargerike leppefisk og kjempestore torskar tør eg hevde det motsatte!

5 kommentarer:

  1. Since they are not natural in the ecosystem, they are pulled out and, therefore, they may not have natural enemies in nature.

    SvarSlett
  2. The public aquarium can be important both for public enlightenment and for creating curiosity about life in the sea.

    SvarSlett
  3. The public aquarium can be important both for public enlightenment and for creating curiosity about life in the sea

    SvarSlett
  4. You are completely right in your assessment because it is really the best aquarium that undoubtedly has no competitors.

    SvarSlett
  5. Akvarium på Fornebu - Med et areal på mer enn 10 000 kvadratmeter og over sju millioner liter vann kommer akvariet til å bli Nord-Europas største.

    SvarSlett