Søk i bloggen

9. juli 2013

Djuphavet – bør det utforskast?


Ein brudefisk (Beryx decadactylus) søker tilflukt i eit djuphavskorallrev.
Alle bilete: NOAA/Wikimedia Commons

Med moderne teknologi kan vi menneske nå stadig djupare og bli stadig lengre under vatn. Forskarar kan ta prøver og utføre eksperiment i havområde på fleire tusen meters djup, i økosystem som aldri har vore i kontakt med menneske eller mekanikk. Vi har no moglegheit til å utforske det som verkeleg er «verdas siste villmark». Spørsmålet er: er det etisk forsvarleg?

Over halvparten av jorda er dekt av djuphav, havområde på meir enn 200 meters djup. Dette er det største levelege området på planeten. Med eit gjennomsnittsdjup på 3800 meter vatn er det kanskje vanskeleg å førestille seg omfanget av «det store blå». Sollys når ikkje djupare enn 200 meter, og det einaste lyset vi finn i djuphavet er bioluminescens, korte lysglimt mange djuphavsdyr sjølv kan lage. Det typiske biletet vi har av djuphavet er flate sandsletter med lite dyreliv. Men dette er langt frå heile sanninga: Undersjøiske fjell er vanlege, dei tilbyr hard botn der korallrev eller svampsamfunn kan etablere seg. Kval-kadaver eller trestammer frå overflata kan skape midlertidige oasar av liv. Og på 70- og 80-talet oppdaga forskarar nokre heilt spesielt: hydrotermiske ventilar. Slike ventilar blir danna i område med høg tektonisk aktivitet, der sprekker over kjelder av magma skil ut varme og mineral. Her fins spesielle bakteriar som utnyttar dei kjemiske stoffa frå ventilane til å skape energi (kjemosyntese), nett som plantar på landjorda og algar i havoverflata utnyttar sollys (fotosyntese). Bakteriane skaper grunnlaget for unike økosystem, fullstendig uavhengige av sollys. (Du kan lære meir her.)

Ein hydrotermisk ventil på 2,398 meters djup i Sørishavet.

Vern mot menneske

Biologar talar gjerne varmt om å verne unike og verdifulle økosystem. Samtidig meiner dei fleste at medan fiskeri, industri og kanskje turisme bør haldast på avstand skal vi, forskarar, få tilgang til å ta prøver og utføre eksperiment. Men dei fleste er einige i at som biolog i felt er det tilnærma umogleg å ikkje ha ein viss innverknad på systemet vi studerer: som den austerrikske fysikaren Erwin Schrödinger skal ha sagt: «Observing a system changes that system». For å få god kunnskap om økosystem i djuphava treng vi både å ta prøver som undersøkast på land og observere området der nede, til dømes ved hjelp av fjernstyrte filmapparat eller bemanna ubåtar. Men korleis blir økosystemet påverka av dette?

Eit akustisk måleinstrument kartlegg botnen på ein hydrotermisk ventil.

Utstyr som blir brukt til å ta prøver av havbotnen (til dømes trål eller borr) kan permanent øydelegge delar av habitatet, i tillegg til at individ av potensielt sjeldne dyreartar blir fjerna frå sitt naturlege habitat (og sannsynligvis stryk med på veg til overflata). Og det er lett å førestille seg at forskingsfartøy med mykje lys og lyd kan skape midlertidig stress. Ein studie frå ein hydrotermisk ventil publisert i Nature viste faktisk at reker kunne ha blitt blinde av lys frå undersjøiske fartøy! Kanskje det er på tide å innsjå at vi menneske ikkje treng å ha oversikt over all natur? At vi kan la «den siste villmarka» ligge urørt?

Det minste av mange onder

Ulike studie som har samanlikna effekten av menneskelege aktivitetar på djuphavsbotnen understreker at den relative utstrekninga av forskingsaktivitet er forsvinnande liten samanlikna med til dømes fiskeri (les meir her). Medan effekten av forsking er liten og lokal, har djuphavsfiske høg påvirking over eit større område. I tillegg til oljeindustri og fiskeri nemner forskingsartiklane andre aktivitetar som i framtida vil kunne ha ein stor negativ effekt over større djuphavsområde, som mineralutvinning og CO2-lagring. Å drive med forsking kan forsvarast med at vi treng kunnskap om korleis slike system fungerer både for å forsvarleg forvalte ressursane i desse områda, som allereie er under press, og for å kunne grunne eventuelle vernetiltak med vitskapleg kunnskap.


Denne trålen har fanga lysprikkfisker og glassreker frå djuphavet.
 Djuphavstråling kan vere svært øydeleggande for desse økosystema.

 

Retningsliner for god forsking

Sjølv om effektane av forskingsaktivitet er liten samanlikninga med andre aktivitetar, har forskarar innsett at vi treng å følgje visse retningsliner. Forskingsorganisasjonen InterRidge har utforma slike "retningsliner for forsvarleg forsking", blant anna:

-    Unngå aktivitetar som kan negativt påverke overlevinga til ventil-populasjonar
-    Unngå aktivitetar som kan ha langvarig effekt på det fysiske habitatet
-    Unngå å samle materiale som ikkje er nødvendig for forsking


Undersøkingar blant djuphavsforskarar har vist at dei fleste kjenner til og støttar retningslinene, men mange føler at dei mangla kunnskap og er usikre på om andre forskarar respekterte dei. For å ha ein reell effekt bør slike retningslinjer kombinerast med bindande juridiske føreskrifter. Ei utfordring er at størsteparten av djuphavet ligg utanfor nasjonale område. I internasjonale farvatn kan organisasjonar som FN sette retningsliner, men om dei ikkje er juridisk bindande på nasjonalt plan vil dei ha lite slagkraft. Det vil dessutan vere svært vanskeleg å kontrollere om dei blir fylgde - ingen patruljerer desse områda. Per dags dato finnast ingen klare internasjonale retningsliner for forsking i internasjonalt farvatn.


Dette biletet frå ein hydrotermisk ventil viser tette førekomster av djuphavskrabber frå slekta Kiwa.


Hydrotermiske ventiler får meir verne-merksemd enn andre djuphavsområde, men det er også desse områda som har vekt høgst interesse frå både forskarar og industri. Andre område kan vere utsette for negative effektar frå dumping av avfall (djuphavsbotnen) eller fiskeri (undersjøiske fjell og kontinentalryggen). Men vi veit enda minimalt om desse områda. Vi treng meir god forsking for å forstå kva som finnast i det store blå, og som allereie kan vere sterkt truga. Det er ikkje auka kunnskap som trugar djuphavet.



«     Like the Amazon basin, the deep-sea ecosystem has been considered to be both an unexplored wilderness, and a resource frontier. The potential resources of the deep sea are tremendous, while scientific understanding of natural processes in this ecosystem is very poor. This is a dangerous combination.
 (       (Sitat frå Glover & Smith (2003) The deep-sea floor ecosystem: current status and prospects of anthropogenic change by the year 2025. Environmental Conservation, 30)

4 kommentarer:

  1. Tankevekkende innlegg! Jeg har aldri tenkt på at felt- og toktarbeid i forskningssammenheng også er en påvirkning på miljøet. Viktig at forskerene er gode forbilder og minimerer sin egen påvirkning. Men det er også viktig at forskerne er "først ute" i lite kjente økosystemer og dermed kan gi råd til forvalterne om hvordan man best bevarer systemene.

    SvarSlett
  2. At the same time, most people believe that, although fishing, industry, but it does not harm the world, although this view is wrong.

    SvarSlett
  3. The potential resources of the deep sea are tremendous, while scientific understanding of natural processes in this ecosystem is very poor.

    SvarSlett
  4. I think that the study of the depths of the seas and oceans can open for us so much new and unknown that we can not even imagine.

    SvarSlett