Av: Kristina Øie Kvile
Turisme
er big bisniss. Det er nesten ikkje til å fatte, men turistindustrien
er faktisk større enn kjemper som olje-, bil- eller matproduksjon
globalt. I følgje Verdas Turistorganisasjon (UNWTO)
nærmar talet internasjonalt reisande seg éin milliard, eit globalt
reisefølgje som i 2010 la igjen den nette sum av rundt 919 milliardar
amerikanske dollar! For mange utviklingsland utgjer dette ein svært
viktig del av økonomien.
I Indonesia, der eg sjølv har vore på reisefot
dei siste månadane, er tettleiken av turistar høgst på Bali, noko som
har gjort øya til ein av dei rikaste regionane i landet. Dei fleste som
besøker Bali held seg sørpå, i området kjend for kvite sandstrender,
surfebølgjer, billige restaurantar og hordar av festglade, solbrente
utlendingar. Tar du derimot turen nordover kan du framleis møte ein
relativt (med trykk på relativt) urørt del av Bali. Her er ein annan
type turisme i vekst, med meditasjon, turgåing og ”ekte opplevingar” i
fokus. Økoturisme
er i vinden, og stadig fleire turistoperatørar satsar på
naturopplevingar, meditasjon, øko-mat og den perfekte solnedgang, i ekte
Eat Pray Love-stil.
Mange tar turen nordover på Bali for ein meir fredeleg ferie i øko-stil. |
Det store trekkplasteret i Komodo er denne kjempen. Komodo-dragen kan bli opptil 3 meter lang! |
Det er mogleg å møte kjemper under vatn også. Her prøver forfattaren å symje i takt med ei djevelrokke. |
Reiser med meining
Typisk
masseturisme er gjerne knytt til auka ureining, forsøpling, trafikk og
ukontrollert utbygging. Difor, medan den økologiske tankegangen har
blitt viktigare i vesten har også ”grøne reiser” auka i popularitet.
Stadig fleire av oss vil ha ein ferie med meining utover sol og
paraplydrinkar. Men kva tyder eigentleg økoturisme? I følgje Den Internasjonale Økoturismeforeininga (TIES) er det ansvarleg reising som gir positive verknadar for både naturmiljø og lokalsamfunn.
Ei ekte økoturismebedrift skal gi økonomisk støtte til lokalsamfunn,
verne om naturressursar og lokal kultur, i tillegg til at du som
besøkande lærer noko om lokal natur og kultur.
Våt økoturisme
Kystområder
er ofte populære reisemål, og for mange er feriedraumen knytt til blått
hav og sandstrender. Men høgt press frå turisme kan skade marine
økosystem i kystsona gjennom erosjon, ureining, overfiske eller direkte
fysisk skade. Marin økoturisme
kan difor vere eit godt alternativ som i staden kan ta vare på det
undersjøiske livet. Velfungerande marin økoturisme kan vere med å
finansiere verning av område, til dømes gjennom inngangsbillettar eller
dykke– og snorkel aktivitetar. Inntekter frå turisme kan gi eit
alternativ til fiskeri eller anna utvinning av marine ressursar for
lokalsamfunna, og vidare kan både turistar og lokale lære om marin
bevaring. For oss som er over middels glad i sjøsprøyt og samtidig vil
beskytte livet under vatn er marin økoturisme som ein våt draum!
Dykking i Komodo nasjonalpark byr på små og store overraskingar |
Kjempevaranens rike
Mange
kjem til Indonesia nett for å dykke eller snorkle. Landet med over 17
000 øyer (!) kan lokke med krystallklart vatn og dei mest artsrike
korallreva i verda. Dessverre er koralltriangelet
trua av menneskeleg aktivitet som fiske, urban utbygging og
masseturisme, og nokre spesielt skjøre område har difor blitt verna som
nasjonalparkar. Eit eksempel er Komodo, mest kjend som heimen til
komodovaranen, verdas største firfisle. Men med rike korallrev og
moglegheiter for å møte ikon som djevelrokker, havskilpadder og kvalhai
er området minst like spennande under vatn! Øyene som huser
kjempevaranen blei freda i 1980, og nokre år seinare blei parken utvida
og sjøområdet rundt øygruppa verna. Men dette hindra ikkje dynamitt- og
cyanidfiske, saman med ukontrollert turisme, i å halde fram og truge det
biologiske mangfaldet i Komodo. I 1995 greip naturvernsorganisasjonen
The Nature Conservancy (NC)
inn, og styringa av parken blei overført til ein lokal organisasjon i
samband med Verdsbanken. Dette var vellykka, og i følgje NC
eit stjerneeksempel på korleis velfungerande økoturisme kan gagne både
natur og lokalsamfunn. Nøkkelen til suksess skal ha vore tett samarbeid
med dei lokale innbyggarane, som til dømes blei involvert i
parkadministrasjon, overvaking, eller som guidar. Øydeleggande
fiskemetodar blei forbode og spesielle soner som gyteområde totalverna.
Talet på besøkande er kontrollert og ei obligatorisk inngangsavgift som
skal gå til bevaring, lokalsamfunnsprosjekt og økoturismeutvikling er
pålagt alle besøkande. Ei grøn solskinshistorie? Eg må innrømme at
tanken streifa meg, seilande inn på det krystallklare vatnet mellom dei
vulkanske Komodo-øyene, at dette er faktisk paradis.
Slanger i sikte
Er
øko-draumen Komodo for god til å vere sann? Min lokale dykkarguide og
guru, som hadde arbeida i Komdo i over 30 år kunne melde at fiske med
dynamitt framleis skjer innanfor parkgrensene, og dei høge
eksportprisane på enkelte fiskeartar gjer at ingen område slepp unna
ulovleg fiske. (Han hadde faktisk sjølv blitt fanga i eit fiskegarn, men
det er ei anna historie.)
Ifølge ein fersk artikkel i The Jakarta Post
kollapsa parkstyringa i 2010 etter usemje om fordelinga av inntektene
frå parken. Den indonesiske regjeringa er igjen i førarsetet og Nature
Conservancy har avslutta sitt arbeid i området. Det har vore ei auke i
ulovlig fiske det siste året, og avisa rapporterer om store område der
korallar har blitt bomba i stykkar. Dykkarar eg møtte i Komodo kunne
også fortelje om store ”bombekrater” i nokre av dei meste populære
dykkarområda. Og problemet er sjølvsagt alvorlegare enn at fine
dykkarområde forsvinn: desse fiskemetodane øydelegger heile økosystem og
viktige matressursar for lokalsamfunna i framtida. Ofte møter ein
argumentet om at dei lokale må framleis ha mat (så kva kan ein gjere?),
men det er ofte høge prisar på den utanlandske fiskemarknaden som
freistar fiskarar til å bruke ulovlege metodar. Det opplagte problemet
synas å vere mangel på overvaking og oppfølging av regelverket, eller
med andre ord, mangel på økonomisk prioritering av dette.
Korallar, som desse platekorallane, dannar grunnlag for artsrike økosystem. |
Er økoturisme ein utopi?
Ein kan kanskje påstå at økoturisme er eit sjølvmotsigande konsept. At å fremme menneskeleg aktivitet i skjøre naturområde nødvendigvis fører til konflikt med naturvern. Og det er kanskje eit paradoks at om ein destinasjon blir for
populær kan økoturisme føre til dei same problema som tradisjonell
turisme. Fleire besøkande aukar presset på naturressursane i eit område,
og skaper utfordringar i samband med utbygging av turistfasilitetar,
behov for vatn, kloakk, søppelsystem, transport osv. For marine
økosystem som tropiske korallrev kan faktisk aktivitetar som dykking og
snorkling vere direkte skadelege. Det er fortvilande å sjå hordar av
turistar med symjeføter tråkke på korallstrukturane i det dei gjer seg
klar til ei snorkleøkt, eller båtar som legg anker rett i eit verna
korallrev. Dette er problem det er relativt lett å få ein slutt på, men
for mange operatørar er omsynet til turisten (og pengane han legg
igjen) viktigare enn å følgje spelereglane. I Komodo er turiststraumen
venta å auke i åra som kjem: i tillegg til UNESCO verdsarvstatus har
naturreservatet nylig blitt stemt fram i kåringa New 7 Wonders of Nature.
Eg håper parkstyringa vil tenke langsiktig og la omsynet til naturen
styre bisnissen. Da kan både kjempevaranar og havskilpadder sjå lysare
på framtida.
Vil dette paradiset bli tatt vare på i åra som kjem? |
Grønvasking og bedrifter på det reine
Økoturisme
skal per definisjon gagne både natur og lokalsamfunn, ha låg innverknad
og gi turistar ein sjanse til å lære om lokal kultur og miljø. Men
korleis kan vi vere trygge på at desse prinsippa blir følgde, og at
ferien vår verkeleg er grøn? Green washing
er eit uttrykk for bedrifter som bruker øko-stempelet for å trekke til
seg kundar, utan å følgje prinsippa for økoturisme. Det er difor lurt å
undersøke litt ekstra om bedrifta du støtter er ”ekte vare”. Som nemnt i
svaret til Ola
i førre blogg finnast det dessverre ikkje ei felles internasjonal
sertifisering av økoturismebedrifter, men eg vil anbefale nettsidene til
Den Internasjonale Økoturismeforeininga TIES
for meir informasjon om økoturisme og dei ulike internasjonale og
nasjonale sertifiseringssystema. Her heime har organisasjonen Norsk økoturisme sertifisert
om lag 20 norske bedrifter så langt. Kanskje kan det freiste med ein
kajakktur i Lofoten, reinsdyrsafari på Hardangervidda eller rolige dagar
på ei vestnorsk fjellseter neste ferie? God grøn tur!
Kristina Øie Kvile er marin bevaringsbiolog og jobber for tida frivillig hos Reef Check Indonesia. Hun er en reiseglad dykkeentusiast med voksende interesse for sunne korallrev.
Bra blogginnlegg. Skal sjekke ut nettsidene til Den Internasjonale Økoturismeforeininga.
SvarSlett