Søk i bloggen

Viser innlegg med etiketten Indonesia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Indonesia. Vis alle innlegg

11. mai 2012

Økoturisme: Grøn glede eller business as usual?

Av: Kristina Øie Kvile

Mange tar turen nordover på Bali 
for ein meir fredeleg ferie i øko-stil.
Turisme er big bisniss. Det er nesten ikkje til å fatte, men turistindustrien er faktisk større enn kjemper som olje-, bil- eller matproduksjon globalt. I følgje Verdas Turistorganisasjon (UNWTO) nærmar talet internasjonalt reisande seg éin milliard, eit globalt reisefølgje som i 2010 la igjen den nette sum av rundt 919 milliardar amerikanske dollar! For mange utviklingsland utgjer dette ein svært viktig del av økonomien. 
Det store trekkplasteret i Komodo 
er denne kjempen.
Komodo-dragen kan bli opptil
3 meter lang!
I Indonesia, der eg sjølv har vore på reisefot dei siste månadane, er tettleiken av turistar høgst på Bali, noko som har gjort øya til ein av dei rikaste regionane i landet. Dei fleste som besøker Bali held seg sørpå, i området kjend for kvite sandstrender, surfebølgjer, billige restaurantar og hordar av festglade, solbrente utlendingar. Tar du derimot turen nordover kan du framleis møte ein relativt (med trykk på relativt) urørt del av Bali. Her er ein annan type turisme i vekst, med meditasjon, turgåing og ”ekte opplevingar” i fokus. Økoturisme er i vinden, og stadig fleire turistoperatørar satsar på naturopplevingar, meditasjon, øko-mat og den perfekte solnedgang, i ekte Eat Pray Love-stil.

Det er mogleg å møte kjemper under vatn også. Her prøver forfattaren å symje i takt med ei djevelrokke.


2. mars 2012

Korallrev, turistar og marin forsøpling

Denne uka slår vi til med et litt eksotisk innslag på bloggen. Her kan du lese om hvordan de indonesiske øyenes artsrike korellrev trues, hva Reef Check Indonesia (RCI) jobber for og ikke minst hva vi kan gjøre for å hjelpe til. Her lar vi Kristina, som jobber som frivillig for RCI på Bali få ordet.

Mange som kjem til Bali håper å få eit glimt av Nemo
(Foto: Reef Check Indonesia)
Korallrev, turistar og marin forsøpling

Av: Kristina Øie Kvile

Bali, som i Indonesia også er kjend som ”Gudanes øy”, er eit av dei mest populære turistmåla på kloden vår. Bare smaken på ordet Bali kan få ein forfrosen nordbuar til å drøyme seg bort til eit paradis av sol, strender, tropisk natur, vulkanske fjell og smilande fjes. Øya har vore eit reisemekka heilt sidan tidleg på 1900-talet, og turisme er utan tvil den største inntektskjelda for Balinesarane. Terrorangrepa i 2002 og 2005 satt ein dempar på talet besøkande, men i løpet av dei siste åra har turiststraumen auka til nye høgder.

Rike korallrev i fare
Eit av dei viktigaste trekkplastera for mange som besøker Bali er det undersjøiske livet. Dei indonesiske øyene ligg i ”The Coral Triangle”, eller havets Amazonas om du vil, med nokre av dei mest artsrike korallrevsområda vi har. Mange kjem til Bali nettopp for å oppleve denne artsrikdommen, og det er tett mellom dykkarsentra ved dei mest populære destinasjonane. Men som du kanskje veit er korallrev og dyra som er avhengige av dei i dag under angrep frå fleire hald, med  overfiske, forureining, kystutbygging, og ikkje minst, global oppvarming som dei viktigaste aktørane. I fjølge ein internasjonal rapport frå 2008 (som du kan laste ned her) er omlag ein femtedel av alle korallrev globalt allereie borte, og over ein tredjedel er alvorleg trua. Dei rike reva i korall-triangelet er langt frå usårbare, og i Indonesia er det særleg fiske med dynamitt og cyanid som har vore øydeleggande.