«Mamma, kva er det til middag i dag?» roper poden på fem år i det han stormar inn med fotballskoa på. «Manetgryte,» seier du, «men sjå korleis du skitnar til kjøkkengolvet…» «Æsj! Vi hadde jo manetsalat i går! Eg vil ha pølse! Pølse pølse pølse!» Storesøster ser også opp frå iPaden med eit molefonkent uttrykk. «Tysdags-tilbod på glasmanet,» mumlar du og finn fram moppen frå hjørneskapet.
Dette kan verke som science fiction, men ifølgje ny forsking kan vi snart måtte bytte ut fiskefiletane på middagsbordet med manetar. Medieoppslag om geléaktige invasjonar og beinfiskens undergang har sjokkert sushientusiastar, medan fiskerifolk og marinbiologar diskuterer til tastaturet blir varmt: Aukar mengden manetar i hava? Og er det vi som har sendt havmiljøet tilbake til framtida?
Mat for mons? (Jellyfish burger, design: D. Beck og J. Jacquet) |