Søk i bloggen

22. juni 2012

Eit smakfullt (manet)måltid?

«Mamma, kva er det til middag i dag?» roper poden på fem år i det han stormar inn med fotballskoa på. «Manetgryte,» seier du, «men sjå korleis du skitnar til kjøkkengolvet…» «Æsj! Vi hadde jo manetsalat i går! Eg vil ha pølse! Pølse pølse pølse!» Storesøster ser også opp frå iPaden med eit molefonkent uttrykk. «Tysdags-tilbod på glasmanet,» mumlar du og finn fram moppen frå hjørneskapet.
Dette kan verke som science fiction, men ifølgje ny forsking kan vi snart måtte bytte ut fiskefiletane på middagsbordet med manetar. Medieoppslag om geléaktige invasjonar og beinfiskens undergang har sjokkert sushientusiastar, medan fiskerifolk og marinbiologar diskuterer til tastaturet blir varmt: Aukar mengden manetar i hava? Og er det vi som har sendt havmiljøet tilbake til framtida?
  

Mat for mons?  (Jellyfish burger, design: D. Beck og J. Jacquet)


Geléaktige invasjonar
Vi spolar tilbake tre år. I 2009 publiserte tidsskriftet Trends in Ecology and Evolution artikkelen med den sexy tittelen The jellyfish joyride: causes, consequences and management responses to a more gelatinous future. Her kunne vi lese om ein markert auke i manetoppblomstringar det siste tiåret: episodar der kystområde blir overfylte av manetar som nærmast kveler anna marint liv. Dette får gjerne stor mediemerksemd, særleg når feriestrender blir invadert av ekle, og i nokre tilfelle dødelege, manetsvermarar. For fiskeindustrien kan det dessutan føre til store økonomiske tap: frå Aust-Asia har det kome rapportar om blokkerte og øydelagde fiskegarn, og på Vestlandet har djuphavsmaneten Periphylla periphylla jaga fiskarar bort frå Lurefjorden. Ikkje minst er det urovekkande at dei talrike manetane kan utkonkurrere andre organismar, som planktonetande fisk, frå økosystemet.


Manetoppblomstring tettar japanske fiskenett i 2009. (Foto: Shin-ichi Uye)


Eit hav i ubalanse
Ifølgje forskarane bak The jellyfish joyride kan menneskeleg aktivitet har favorisert manetoppblomstringane. Gjennom overfiske, kunstig eutrofiering (auka algeproduksjon på grunn av overgjødsling av kystområde frå jordbruk, kloakk osv.), skipsfart og utbygging endrar vi balansen i havet. Dette øydelegg livsgrunnlaget for mange artar, medan andre drar nytte av endringane. Mange fiskeartar tåler ikkje det låge oksygennivået og endringane i mattilgang  eutrofiering kan føre til (planktonsamfunnet går frå diatom- til flagellatdominert, for dei lesarane som kan sin planktonsystematikk). Manetar, som også lever av plankton, klarer seg derimot godt i slike forhold. Om fiskebestandane i tillegg er svekka av fiskeri ligg alt til rette for ein skikkelig manetfest! Og slik som ugras i blomsterbedet er manetar seigliva når dei har fått overtaket. Dei veks fort, kan gro tilbake øydelagde ”kroppsdelar”, og har ein svært allsidig meny: frå eincella organismar til fiskeegg, fiskelarvar og planteplankton. Dessutan er dei tilpassingsdyktige og tåler store svingingar i temperatur og oksygennivå. Det er difor ikkje utenkeleg at klimaendringane vi står overfor, med høgare temperaturar og lågare oksygentilgang i mange havområde, kan gjere manetar til herskarane av vår blå planet.


Store mengder av djuphavsmaneten Periphylla periphylla har tattover økosystemet i Lurefjorden
(Foto: SINTEF/NTNU og Stavanger dykkerklubb)


Manetburgarar
Skrekkscenarioet frå 2009-publikasjonen er at vi er i ferd med å sende verdas hav 500 millionar år tilbake, til kambrium. Rygger vi så langt bakover i evolusjonen blir dei rike økosystema vi kjenner i dag erstatta av enkle næringskjeder av hovudsakleg eincella  organismar og manetaktige dyr. Slike framtidsutsikter vekte sjølvsagt oppsikt, og nokre sjømatsglade bloggarar lanserte til og med jellyfish burgers, manetburgarar. Fiskeribiologen Daniel Pauly, mest kjend for teorien om korleis vi har fiska oss nedover næringskjeda, ser også for seg endringar i matfatet: «My kids will tell their children: eat your jellyfish!» Uvant for norske ganar, men manetar er faktisk vanlig mat i mange asiatiske land, som Kina, Japan og Indonesia. Kanskje ikkje så rart at både forskarar og fiskerifolk har begynt å drøyme om manetfiske her til lands også? (Sjå til dømes denne Dagbladet-saka frå 2007)


Ein heit debatt
Trass tilsynelatande lyse framtidsutsikter, å investere i manet-business kan vere risikabelt. Denne våren har nemlig gelédyra igjen vore eit hett diskusjonsemne blant marinbiologar. I februar kom først meldingane om at jellyfish joyride var avlyst: Ei gruppe forskarar med Robert H. Condon i spissen hevda at det mangla sikre data for å påvise ein auke i manet- oppblomstringar. Forteljingar om gelékatige invasjonar er kjende frå fleire hundreår tilbake, og oppgangen i registrerte tilfelle dei siste åra kan forklarast med at vi i dag har betre overvakingsprogram og kommunikasjon mellom forskarar. I tillegg gir dei mange mediaoppslaga oss inntrykk av at problemet er større enn før. Like fullt, medan gruppa
til Condon etterlyste gode datasett hadde dei sjølv ikkje anna enn «Det var jo mykje manetar før også!» å slå i bordet med. Så da var diskusjonen like langt.


Så, i april, publiserte tidsskriftet Hydrobiologia artikkelen: Increasing jellyfish populations: trends in Large Marine EcosystemsDette studiet, frå gruppa til Daniel Pauly ved University of British Colombia (UBC), analyserte data om manetbestandar frå 45 store kystområde verda over, frå 1950 til i dag. I 62% av områda hadde det vore ein generell auke i manetbestandar, i 7% ein nedgang og i resten av områda ingen tydeleg trend. Sjølv om ein stor del av datasetta kom frå ikkje-vitskapelege kjelder (til dømes fiskarar og marin industri) meinte forskarane at dette tydeleg viste at manetoppblomstringar var på frammarsj.


Den tropiske kubemaneten er blant dei mest dødelege organismane i verda. Gifta i tentaklane er så sterk at eit møte kan føre til hjertestans. (Foto: David Doubilet/National Geographic)

Forsking er viktig!
Sjølv om studiet frå UBC ikkje undersøkte om auken i manetar har samanheng med menneskeleg aktivitet har andre studie har tyda på det. For å kartlegge ein mogleg samanheng trengs gode globale studiar, men manetforsking er ikkje lett. For det første har det historisk sett vore lite fokus på desse dyra (som verken er vakre, intelligente eller av og særleg økonomisk verdi... Eller?) Og i vår tid er det heller ikkje lett å skaffe gode data: manetar blir lett øydelagde før vi får dei på land, og vi oftast veit lite om korleis og kor dei lever. Sidan vi manglar gode langtidsdata er det vanskeleg å avgjere om manetauken er ein generell trend, eller fluktuasjonar over kortare tidsrom.
Daniel Pauly tror vi har fiska oss tilbake til kambrium


Innan all forsking er det viktig å bruke globale samanlikningar med langt tidsperspektiv, det går ikkje å seie ”sidan vi hadde ein kald vinter i år trur eg ikkje på klimaendringane!” Og desto viktigare er det å ta stilling til kva vi kan gjere når forskarar med gode data oppdagar uheldige endringar i naturen. Skal vi auke fangsten av manetar og ete manetburgerar til den store gullmedalje? Det kan verke som ei god løysing for både oss og havmiljøet (manetar skal vere super slankemat!), men endrar ikkje dei underliggande problema. Vi veit at  eutrofiering, overfiske og klimaendringar påverkar hava, og det må meir enn manet-middagar til for å ta tak i desse utfordringane.




BLØTE FAKTA
  • Manetar (eng.: jellyfish): samleterm for relativt store, gelatinøse dyr som er ein del av planktonet (organismar som blir ført med vatnet). Manetar har oppstått mange gongar i løpet av planetens historie, og finnast i det kjønna stadiet av mange nesledyr og hos ribbemanetar. Dei høyrer ikkje til éi taksonomisk gruppe, og kan ha svært ulik livsstrategi og økologi. 
  • Nesledyr (lat.: Cnidaria): rekke (taksonomisk gruppering) av virvellause dyr som blant anna inkluderar korallar, sjøanemoner og ulike manetar. Ofte skiftar dei mellom eit fastsitjande og frittsymjande livsform (polypp og manetstadiet). Nesledyr har tentaklar med spesielle celler (nematocyster) som brukast til å fange byttedyr og kan vere giftige. 
  • Ribbemanetar (lat.: Ctenophora): rekke av virvellause dyr med spesielle flimmerhår dei bruker til bevegelse. Ribbemanetar lever heile livet som plankton (fritt i vatnet). 
  • Salpar (eng.: salps): gruppe gelatinøse kappedyr (primitive ryggstrengsdyr) som ofte blir inkludert som jellyfish (inkludert i 2012-studia frå Brotz et al. og Condon et al.) Dei er sekkeforma, kan danne koloniar og lever av å filtrere planteplankton i dei frie vannmassane.


Kjelder
Brotz, L., Cheung, W.W.L., Kleisner, K., Pakhomov, E. & Pauly, D. (2012) Increasing jellyfish populations: trends in Large Marine Ecosystems. Hydrobiologia.pdf
Condon, R.H., Graham, W.M., Duarte, C.M., Pitt, K.A., Cathy, H., Haddock, S.H.D., Sutherland, K.R., Robinson, K.L., Dawson, M.N., Decker, B., Mills, C.E., Purcell, J.E., Malej, A., Mianzan, H., Gelcich, S., Madin, L.P., Graham, W. & Pitt, K. (2012) Questioning the Rise of Gelatinous Zooplankton in the World’s Oceans. BioScience, 62, 160-169. pdf
Richardson, A.J., Bakun, A., Hays, G.C. & Gibbons, M.J. (2009) The jellyfish joyride: causes, consequences and management responses to a more gelatinous future. Trends in Ecology & Evolution, 24, 312-22. pdf

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar