Søk i bloggen

8. jan. 2013

Frisk som ein fisk

Ein frisk gladlaks (Alle bilete: Wikimedia Commons)
Sjømat er kjernesunt. Vi knaskar omega-3 for eit sterkare hjarte, og tunfisk er favoritten til treningsnarkomane som vil bygge musklar. Samtidig kjem stadig meir av sjømaten frå akvakultur, ei næring som er langt frå sjukdomsfri. Villaksen er truga av lakselus, og oppdrettsnæringa får skulda. Men er det oppdrettslaksen som er verkebyllen? Og kor frisk er eigentleg ein fisk?

Oppdrett - sjømat for framtida

Akvakultur er i ferd med å revolusjonere sjømat, slik jordbruk for lengst har gjort på land. Medan fangsten frå fiskeri har flata ut eller gått ned dei siste tiåra har oppdrettsindustrien eksplodert. På verdsbasis kjem snart halvparten av all konsumert sjømat frå akvakultur. Noreg nyt godt av denne utviklinga: Vi er den største oppdrettsnasjonen i Europa, og verdas største eksportør av oppdrettslaks.

Konvensjonelle fiskeri har systematisk fiska ned ville fiskestammar. Mange populære fiskeartar, som tunfisk, sym på tvers av landegrenser og i internasjonale hav. Å få i hamn berekraftige fiskeavtalar på globalt nivå er utfordrande, og synes ofte håplaust (sjå dette innlegget på marinbiobloggen om den internasjonale makrellkrigen). Det er kanskje betre å satse på oppdrett: Å dyrke sin eigen fisk må vere meir berekraftig enn å hauste ukontrollert av naturen, eller?

Oppdrettslaks er kongen på matfatet

Skjær i sjøen

Akvakultur er dessverre ikkje ei problemfri løysing på verdas aukande matlyst. Vi har tidlegare  skrive om problema rundt utslepp frå oppdrettsanlegg (marinbiobloggen mars 2011). Oppdrettsnæringa slit og med andre miljøproblem: Oppdrettsfisk på rømmen er dårleg nytt om dei blandar seg med ville populasjonar. Og å fø opp oppdrettsfisk krev store ressursar, for dei mest populære artane, som laksen, er ikkje vegetarianar. Laks treng animalsk protein for å vekse. Mykje av oppdrettsnæringa er basert på at vi må fiske anna (vill) fisk for å fø fisken vi sjølv et. Det er dermed ikkje sagt at du ved å velje oppdrettsfisk sparar dei ville fiskebestandandane.

Ikkje så glad laks

Og så til det med sjukdom. Ikkje sjeldan høyrer vi om sjukdomsutbrot i oppdrettsanlegg. Lakselus, eit utal virus- og bakterieinfeksjonar, sopp, hjartetrøbbel og nyrestein: Det skortar ikkje på potensiele trugslar for ein stakkars oppdrettslaks. (Om du likar detaljar og skremmande bilete kan du laste ned denne rapporten frå Veterinærinstituttet) På åttitalet brukte norske oppdrettsanlegg store mengder antibiotika for å nedkjempe sjukdommar. Dette er problematisk fordi det kan føre til motstandsdyktige patogen (sjukdomfremkallande mikroogranismar som bakteriar og virus). I tillegg kan utslepp av antibiotika vere skadeleg for andre organismar i sjøen. I dag er antibiotikabruken kraftig redusert takka vere effektive vaksiner. Men det dukkar stadig opp nye og ukjende patogen som trugar oppdrettsnæringa. Det kan verke som om oppdrettsfisk er spesielt utsette – at dei er dårlig utrusta. Er oppdrettsfisken unntaket blant friske fisk?

Lakselus går til angrep

Myten om den reine naturen

Vi har ein tendens til å tenke på sjukdom hos dyr som noko unaturleg, noko som høyrer til vårt moderne samfunn. Dette gjeld særleg fisk - kven har vel høyrt om ein sjuk Lofottorsk? Men patogen spel viktige roller også i marine økosystem. Vår manglande kunnskap kjem av at det har blitt forska veldig lite på sjukdom hos ville fisk. Det er ikkje lett å oppdage ein sjuk fisk ute i det store blå før den døyr og forsvinn. Likevel, dei få studia som har vore gjort viser tydeleg at mange sjukdommar som plager oppdrettsindustrien i dag har vore tilstade i ville populasjonar lenge før vi kunne seie «oppdrettslaks». Lakselusa plaga vill- laksen før oppdrettsnæringa kom på bana, og før journalistar fekk lakselus inn i favoritt-vokabularet.

Kvifor det er meir sjukdom blant oppdrettsfisk

Sjukdom som rammar oppdrettsanlegg har store økonomiske konsekvensar. Mykje forsking blir gjort for å hindre desse tapa. Om sjukdom derimot rammar ein vill fiskebestand vil vi oftast ikkje oppdage det. Kanskje er det litt mindre fisk i sjøen, utan at vi veit kvifor. Kanskje ikkje så rart at vi veit meir om sjukdom hos oppdrettfisk enn hos vill fisk?

Det ligg godt til rett for lakselus og andre patogen i
oppdrettsanlegg med mange fisk
Men det er også slik at oppdrettsnæringa kan vere spesielt utsatt for sjukdom. Om det er dårlege miljøforhold i anlegga eller fisken er stressa kan han vere meir skjørbar for sjukdomsangrep enn i naturen. Og i oppdrettsanlegg lev fisken tett og i stort tal. Dette skaper gode forhold for patogen som treng ein viss tettleik av vertar for å kunne spreie seg. Eit kjend fenomen i influensasesongen: Det er lettare å bli smitta på T-banen i rushtida enn heime på sofaen. I dag finst omlag 2.5 millionar vill-laks langs Norskekysten, medan laks i oppdrettsanlegg utgjer til saman fleire hundre millionar. Dette gir gode vilkår for lakselusa, som dermed utgjer ein større trussel enn tidlegare, også for villaksen. 

Og til slutt, oppdrettsindustrien transporterer dyr, fôr og anna utstyr på tvers av ulike område. Patogen kan følgje med som blindpassasjerar på denne ferda. Nye sjukdommar blir ofte spora til fisk som har kome frå andre anlegg, anten frå andre område i Noreg eller utanlands. Kanskje er fiskebestanden i opphavsområdet immune, og patogenet blir ikkje oppdaga, medan det kan skape stor skade i eit nytt område.

Draumeland utanfor sikte

Sjukdom er ein del av naturen. Det er ikkje mogleg å drive fiskeoppdrett i kontakt med naturen utan ein viss sjukdomsrisiko. Og medan naturen ikkje er perfekt kan forholda ligge særleg godt til rette for sjukdomsutbrot i oppdrettsanlegg. Oppdrettsindustrien bør jobbe for å halde sjukdomsnivået på eit minimum, og samtidig ta omsyn til miljøeffektane ved bruk av antibiotika og andre tiltak. Om ein følgjer gode spelereglar, som å unngå for mange på fisk i anlegga, og å kontrollere moglege smittevegar, kan ein unngå store økonomiske tap. Og det kan også hindre at oppdrett fungerer som ei smittekjelde til ville bestandar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar