Denne uka slår vi til med et litt eksotisk innslag på bloggen. Her kan du lese om hvordan de indonesiske øyenes artsrike korellrev trues, hva
Reef Check Indonesia (RCI) jobber for og ikke minst hva
vi kan gjøre for å hjelpe til. Her lar vi Kristina, som jobber som frivillig for RCI på Bali få ordet.
|
Mange som kjem til Bali håper å få eit glimt av Nemo
(Foto: Reef Check Indonesia) |
Korallrev, turistar og marin forsøpling
Av: Kristina Øie Kvile
Bali, som i Indonesia også er kjend som ”Gudanes øy”, er eit av dei mest populære turistmåla på kloden vår. Bare smaken på ordet Bali kan få ein forfrosen nordbuar til å drøyme seg bort til eit paradis av sol, strender, tropisk natur, vulkanske fjell og smilande fjes. Øya har vore eit reisemekka heilt sidan tidleg på 1900-talet, og turisme er utan tvil den største inntektskjelda for Balinesarane. Terrorangrepa i 2002 og 2005 satt ein dempar på talet besøkande, men i løpet av dei siste åra har turiststraumen auka til nye høgder.
Rike korallrev i fare
Eit av dei viktigaste trekkplastera for mange som besøker Bali er det undersjøiske livet. Dei indonesiske øyene ligg i ”The Coral Triangle”, eller havets Amazonas om du vil, med nokre av dei mest artsrike korallrevsområda vi har. Mange kjem til Bali nettopp for å oppleve denne artsrikdommen, og det er tett mellom dykkarsentra ved dei mest populære destinasjonane. Men som du kanskje veit er korallrev og dyra som er avhengige av dei i dag under angrep frå fleire hald, med overfiske, forureining, kystutbygging, og ikkje minst, global oppvarming som dei viktigaste aktørane. I fjølge ein internasjonal rapport frå 2008 (som du kan laste ned
her) er omlag ein femtedel av alle korallrev globalt allereie borte, og over ein tredjedel er alvorleg trua. Dei rike reva i korall-triangelet er langt frå usårbare, og i Indonesia er det særleg fiske med dynamitt og cyanid som har vore øydeleggande.